onsdag 24. mars 2010

Historien om Theasteinen


Thea Elisabeth Birkedal ( 1869- 1958)


Theasteinen i Gloppedalsura
Dei fleste som kjem frå Byrkjedal har høyrt om Theasteinen, men det er kanskje ikkje alle som veit kor Theasteinen er, og kvifor den har fått dette namnet.
Thea Elisabeth Birkedal var fødd 16.09.1869 og døydde 31.10.1958. Thea var ugift og vaks opp på garden i Byrkjedal, saman med brørne Ingebret og Ole. Thea var søster til min farfar Ingebret.
Ein gong skulle Ingebret ein tur til nabobygda Veen. Han måtte då gå gjennom Gloppedalsura. Dette var før vegen gjennom Gloppedalen var ferdig bygd. Søstera Thea tykte det drygde før broren kom heim, og tok då ut for å leite etter han. Det var seint på hausten og mørke fall på. Thea fann ikkje vegen heim att. Ho sette seg då ned attmed ein stor stein, omtrent midt i Gloppedalsura. Broren Ingebret hadde kome heim, og fekk høyre at Thea hadde teke ut for å leite etter han. Alle vaksne i Byrkjedal måtte då ta ut for å leite etter Thea i Gloppedalsura. Dei fann henne på morgenkvisten, attmed denne steinen, som nå ber namnet Theasteinen. Denne hendinga kan tidsettas til omkring 1923.

2 kommentarer:

  1. Eg minnes godt Thea,hu gjekk sikkert altid i ein svart sie stakk og på tresko.

    SvarSlett
  2. Eg minnest og godt Tea. Ho kom på butikken og ropte inn" Kor e' du mann" Såp måtte ho kvila seg mange gonger ut til butikken. Siste kvilen var på ein stein ved Maudalsbrekka. Mor pledde be henne opp på kaffi

    SvarSlett